torsdag 15. september 2016

Sol og forandringar

I dag måtte eg sitte inne i eit varmt møterom og snakke økonomi og risiko og kartlegging medan eg lengselsfullt såg ut på den knallblå himmelen og berre vart surare og surare! Eg er glad i jobben min altså, men enkelte dagar på kontoret bør alt bli bytta ut med frisk luft og sol!
Utsikt mot Askøy
Det var DIGG å komme heim til ferdiglaga middag servert i sol på verandaen. Av med kontoroutfit, på meg sommarklær og is til dessert! Snart er det til og med helg! La oss nyte!
Utsikt mot Sotrabrua og Lyderhorn frå gode venner i nabokommunen
For tida er vi veldig opptatt av eit enormt val vi vurderer å ta (hahaha, så kryptisk!). Vi trudde vi hadde bestemt oss, men i går snudde vi litt på flisa og sa "kva om?". Og svarene som kom gav umiddelbar sjelefred. Innimellom skulle eg ønske nokon kunne seie "Slik blir vegen vidare. No veit du det du trenger for å ta valget som er best for familien din." Akkurat no veit vi ikkje. Vi veit jo ikkje korleis framtida vil bli - vi kan spekulere og meine, men vi veit ikkje. Samtidig veit vi kva vi har, korleis situasjonen er no; og vi har løysningar på det vi skulle ønske var annleis. Slik det er no.

Arg! Er det rar eg blir potetmos mellom øyrene?

Likevel - det er berre vinn-vinn. Vi sitter godt i det uansett val. Trur vi :) Stay tuned.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...