fredag 23. september 2016

Stillhet og lyd

Det siste året eg var student var eg journalist i HF-fakultetet sitt magasin Atrium. Frynsegodene bestod mellom anna i tilgang til pressevisning av nye kinofilmar før premiere. Dette tilbodet benytta eg meg masse av og eg drøymer framleis tilbake til morgoner der eg heiv meg på sykkelen i Sandviken, stakk innom Narvesen og kjøpte kaffe som eg drakk i kinomørket sidan klokka var 9 om morgonen, og når du er student er det tidspunktet samanliknbart med 7. Før klokka var 11 hadde eg sett ein god film - og da var dagen alt god!
I dag skal eg gjennoppleve dette! Det er BIFF (Bergen Internasjonale FilmFestival) og vi har fått lov å sjå film i arbeidstida. I dag skal eg sjå "In Purcuit of Silence" kl.09.05. "En hyllest til stillheten." Eg ser fram til ein tankevekkande film og kaffe. Denne gongen trur eg at eg går for Starbucks; mmm!
Bileta er frå Bergen Assembly 2016 sitt lokale i gamle Sentralbadet i Bergen. Her har kunstnaren og komponisten Tarek Atoui skapt eit ustillings - og forsøkslokale for lyd. Da vi kom fikk vi opplyst at hovedspråket her var teiknspråk - det likte eg! Mellom anna fikk vi oppleve lyd gjennom spesielle ryggsekkar som vibrerte der lyden var for mørk til at vi kunne oppfatte den med øyret. Fleire av stasjonane gav oss høve til å utforske lyd gjennom andre sansar enn øyret. Saman med lokalene (sjølvsagt - de er jo fantastiske!) var dette ei oppleving! Sidan besøket her ikkje er så langt unna vil eg tru at det gjer ein ekstra dimensjon til filmen eg skal sjå.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...