fredag 21. oktober 2016

Nøttetre og "nytt" hus

Etter at vi bestemte oss for å pusse opp huset istadenfor å selje det er det som om huset og hagen har komt nærmare. Vi har liksom blitt ekstra glad i det. For det er tøft å bestemme seg for å selje. Det var tøft da vi solgte leiligheta vår i 2009 også. Som ein liten kjærleikssorg for heimen som var full i gode minner. Da eg gjekk ut døra etter at de nye eigarane hadde tatt over var eg veldig trist. Huset har jo ikkje sjel; men det er her livet skjer i så stor grad. Det er jo staden du kjem tilbake til.

No har vi mentalt utvida tida vår i huset vi bur i no. Og fort er visningslivet vi har levd sidan i vår berre eit fjernt minne.

Vi brukt vekesvis på å klargjøre huset for arbeidsfolk. I dag har vi elektrikar på besøk, og alt neste veke er det oppstart. Om rundt ein månad har vi på mange måtar eit nytt hus; med nye muligheter for kvardagsliv og samtalar, ro og fred. Det gledast!
Storebror med hendene fulle av kastanjenøtter frå Sandviken
Det blir så bra! Eg gler meg masse til å vise bileter når alt er på plass! Vi gler oss så masse alle fire og snakkar om det nye badet kvar einaste dag!! Til og med i går da badet var ledig og lillesøster måtte på do sa ho "Åh, eg gleder meg sånn til vi har to bad!" Eg prøvde å ta bilete av det tomme rommet i går, men eg har ikkje vidvinkel på mobilen, så det gjekk ikkje ann. Tenk kor stort det blir! Skjønt - eg veit det blir ein del mindre enn det er no sidan de skal bygge ut og opp og ut overalt med alle lagene som skal til for at badet skal vere tett.
No som vi forandrar huset frå "heilt ok og fint" til "midt i blinken" kjenner eg at lysta til å gjøre noko i hagen også kjem. Vi har jobba masse i hagen i år, så den ser betre ut enn før; men samtidig er det halvanna mål med naturhage med stort potensiale (inspirasjon frå husprospekter der altså). Eg ønskjer meg eple - og plommetre som bærer frukt. Og eg ønskjer meg eit nøttetre som gir meg kastanjer! Kastanjer er både haust og jul og alt som er vakkert på ein gong! Nøttene på bileta fant eg og storebror like ved starten av Stoltzekleiven. Sjekk den brunfargen! Herleg!

I dag - fredag og husvask. Også trur eg vi skal finne fram litt Halloween-pynt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...