onsdag 19. oktober 2016

Søndagstur til Viggohytten

Det er alt gått to år sidan vi gjekk på tur til Viggohytten, og ein finfin søndag tidlegare denne månaden tok vi ei avstemming ved frukostbordet. "Vi skal på tur i dag! De kan velje mellom Fjell festning, Ulriken, Lyderhorn eller Viggohytten". To av fire valgte Viggohytten; så da var det den!
Dette er ein lett og kort tur - altfor kort etter min smak - men kjekk for ungane, og ikkje minst har den fantastisk utsikt når vi kjem opp!
På vegen opp gjekk vi forbi ein grunnmur der det var flatt inni. Perfekt stad for telting! Vi har alt bestemt at vi skal gå hit neste år og telte med flott utsikt over Fyllingdalen og områdene rundt!
Etter ei bratt stigning og litt til kom vi til den nyoppbygde Viggohytten. Den originale Viggohytten brant ned for nokon år sidan, og no er den nye snart ferdig! Her var det mange andre barnefamilier også - så området er populært til og med utan påen hytte!
Sjekk denne utsikta! Knallsol, vindstille og herleg! Vi hadde på oss godt med klær! På hausten er det stor forskjell mellom sol og skyggetemperaturar!
På toppen måtte vi vente litt før vi åt lunch. Det hadde gått så raskt opp (evt var turen så kort), at det ikkje var heilt lunchtid enda. Men det smakte når det var dags!
Ein fin liten tur! (Små turar er også turar, det veit eg, men den er tøff for meg) Vi vart enige om at vi kan gå denne turen i snø ein gong også. Og til det passar den jo bra!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...