mandag 14. november 2016

6-årskontroll

For ei heil del veker sidan var eg på 6-årskontroll med lillesøster. Det utvikla seg til å bli ei surrealistisk opplevelse der eg satt som på nåler og var kjempestressa for kva ho kom til å lire av seg. Ho var litt flau før vi gjekk inn, og vart veldig alvorleg. Og kvar gong helsesøster spurte ho om noko kom ho med svar som var heilt unyanserte og rare. Hahaha, det er nest så eg synas det er rart at ho ikkje ringte barnevernet. Skjønt, de er vel klare over at det er ein rar situasjon for ungane, og at svara ikkje alltid reflekterer virkeligheta.

Her kjem nokon dømer av den milde sorten.

Helsesøster: Klarer du å legge deg til å sove om kvelden?
Lillesøster: Ja, men først må jeg ligge og lete etter noe fint å tenke på. Ellers blir jeg så redd. (Ja, dette er fordi vi var på kino og såg ein spanande film for eit heilt år sidan, og sidan da har ho funnet ut at "jeg tenker skumle tanker" er ein måte å få utsette legginga på. Det er vi som har bedt ho om å tenke fine tanker.)

Helsesøster: Spiser du grønsaker?
Lillesøster: Jaaaa, liiiiitt...(TULL! Ofte er det det einaste ho eter!)

Helsesøster: Kva følelse får du når du kjem heim etter skulen?
Lillesøster: Sånn (peiker på eit bilete av ein unge med munn som ein rett strek). (What? Ho smiler frå øyre til øyre kvar einaste dag ho kjem heim, medan ho jubler "JEG FIKK LEKSER I DAG!")

Utan unntak svarte ho trist på alle spørmål. Satt saman vart det så masse. Denne jenta er jo så glad heile tida! Også virka ho som eit trist og inneslutta barn hos helsesøster. Så langt unna sannheten!
I dag skal vi på foreldresamtale med læraren hennes. Eg håper og trur at ho har ein anna oppfatning av lillesøster enn den som den stakkars helsesøsteren satt igjen med.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...