lørdag 5. november 2016

Eikefjordstøylen

I haustferien var vi i Florø, og det var så fint vær alle dagane! Den eine finværsdagen tok vi turen til Eikefjorden for å gå opp på Eikefjordstøylen (390 moh).
Vi var fire voksne og fem unger, men fort vart vi det opp i to grupper - de med sprett i beina og de med betre tid. Eg havna med sprettungane, og fikk meg ei skikkelig treningsøkt oppover! Hjelpes!
Lillesøster og to søskenbarn i fin driv oppover! Heldigvis var det tørt og fint, ellers hadde det nok blitt ein del gjørmetrakking og glatte berg. Vegen opp var utruleg variert og spanande! Alt frå myr og sti i skogen til bru og steinvegar oppover stupbratte fjellsider!
Sola steika på oss heile vegen opp. Alle tre ungane hadde på seg godt med klær, og undervegs forsvant det eine plagget etter det andre. Eg gjekk bakerst og plukka opp det som datt av - og såg til slutt ut som eit pakkesel! Til stor interesse og latter frå de tre jentene! :)
Etter å ha sprunge nesten heile vegen gjekk plutselig lufta utav de. Eg hadde ikkje noko snacks i min sekk, og medan vi satt og prøvde å få igjen pusten skjekka eg GPS'en som sa at vi ikkje var langt unna målet. Det fungerte fint som motivasjon, og etter kun nokon få høgdemeter til såg vi Eikefjordstøylen foran oss! HURRA!
Vel oppe venta vi ei stundt på de andre som til og med hadde fått snackspauser undervegs! Det var varmt og vindstille, og ei fantastisk utsikt!
Desse tre jentene altså! Knallspreke!

Turmaten bestod mellom anna av tomatsuppe kokt på stormkjøkken, det er spanande! Etterpå valgte vi å gå langsetter fjellet og bort til ein veg som ville vere litt lettare å gå ned. 

Sjå denne fjellveggen da! Kjempestilig natur med stor variasjon! Og sjølvsagt haustfargar over alt!

Også på vegen bort til turvegen ned igjen var det flott utsikt. Stien var tydleg merka, noko som var bra sidan eg gjekk foran med to sprekingar - og ingen av oss kjente terrenget. Flott med godt merka tursti når den lommekjente går bakerst!
Etter to kilometer kom vi til vegen som bestod av to og ein halv kilometer med nedoverbakke - hahaha - det er den lengste nedoverbakken eg har vore borti trur eg! Vi gjekk frå 429 moh til 51 moh - så det var kanskje ikkje så rart. Lillsøster kom med vitsen "Hvem er det som går og går og aldri kommer til bilen? Vi!" Vi kom oss til bilen etter ein lang og fin tur! Dagen etter hadde både eg og lillesøster gangsperre i rumpe og lår - så takk til turvenner som drar oss med oppover i ei heidundrandes fart!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...