torsdag 10. november 2016

Kveldsmat på bål


For ein fin tur vi hadde i skogen i går i bekmørket! Fantastisk å sjå og høyre klassen til lillesøster springe innover skogen til vi berre såg ei gruppe med lysande refleksvestar langt der framme. Vi hadde valgt ein kort tur slik at vi fort kom fram til bålplassen.
Alle hadde med seg pøler og kakao og det var god stemning i den lille hula som lyset frå bålet laga. Eg trur heile klassen var der, eg håpar i alle fall det, og det var kun godord frå de andre foreldrene. Det er så kjekt å finne på noko saman! Fleire av ungane hadde gleda seg i mange dagar! Lillesøster kalla det for "den store dagen" - det er så stas! Eg la merke til kor god stemning det var mellom barna, kor fint de snakka til kvarandre. Når ein falt kom det minst tre bort for å høyre korleis det gjekk - det er så fint og lovar så bra!
Kjekke foreldre var det også! Vi har vore så heldige med klassen til storebror, og eg trur jammen meg vi har vore heldige med denne klassen også! No er vi i full gang med å planleggje juleavslutning (for ja, eg er foreldrekontakt ;)). Hei hå kor det går!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...