søndag 13. november 2016

Roleg tur til Gullaksdalen

For mange år sidan hadde vi som nyttårsforsett å "ha ein tur/aktivitet saman ein gong kvar månad". Det fungerte kjempefint, og no er det ei vane og nesten eit krav. Er det fint vær ein søndag MÅ vi ut på tur, ellers blir i alle fall eg sur. Vi må utnytte ikkje sant! Sjølv om eg ser at det faktisk er veldig mange søndager med fint vær. Det blir i alle fall veldig mange turar ut!
Denne finværssøndagen skulle lillesøster på bursdagsfest kl.15, så vi kunne ikkje ta ein lang tur som tok mange timar. Vi kjørte til Alvøen Idrettspark og gjekk derfrå og inn skogsvegen til Gullaksdalen.
Med kun 2 km ein veg var vi fort framme og hadde masse tid til å leike og tenne opp bål. Mannen hadde med seg tennstålet han enda ikkje hadde fått til å virke, og vi spikka masse smått for å hjelpe til med opptenninga. Han fikk det til etter ein del prøving; det var veldig gøy!
Ungane spikka seg grillpinner til pølsene vi hadde med. Mannen hadde laga ostesmørbrød til oss to som vi grilla på bålet. Det var fyr på bålet, men det var heilt vindstille og vi måtte jobbe ein del for å holde flammane oppe.
Det er veldig lite vatn i Småvannet no, det har vore ein tørr haust (kanskje?) - så det hadde dukka opp nokon små strender hist og her. Å spise varmt ostesmørbrød rett frå bålet med på stranda er maks kos altså!! I sola var det også forholdsvis varmt. I alle fall så varmt at vi kunne ta av hua!


Lillesøster organiserte leik med kastestrek og fire groper med 11 steinar i. Det var om å gjøre å kaste lengst. Mannen var desidert best, medan vi tre andre var på samme nivå :) Det var eigentlig dette som gjorde denne turen ekstra fin. Vi hadde så god tid sidan vi hadde komt fort fram og det ikkje var så langt tilbake. Masse tid til å leike og sjå på flammane, kaste stein og prate. Herleg! Ofte går vi lengre turar slik at vi ikkje har meir tid på toppen enn at vi kan spise mat og sjå litt før vi må begynne å tenkje på tilbakevegen. Denne søndagen var fin.
På vegen tilbake hadde vi eit lite stopp her for å nyte utsikta og spise litt sjokolade som vi gløymde tidlegare. Storebror har seg ei stille stund.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...