lørdag 3. desember 2016

Jordbærdessert

Eg fant oppskrift på heimelaga og supersunn jordbærdessert på nettet og hang den opp på kjøleskapet i utprinta versjon. Sidan den var så lett å lage vart den faktisk laga, i motsetning til ein ein del andre oppskrifter som kun henger der til eg blir lei og kastar de.
Legg ein pose frossen jordbær, ca 1/2 dl vatn og ein slump sukker i kjelen. Kok opp under omrøring og la bæra putre litt. Legg 5 plater gelatin i vatn i nokre minutter før du rører de inn i jordbærblandinga som no har fått avkjølt seg litt. Hell oppi ein ca.5 dl yoghurt naturell og køyr alt til glatt masse med stavmikser.
Hell i egna former (vi har brukt de fine kaffikoppane våre) og sett i kjøleskap. Det er stivt iløpet av nokon timar. Nyt som det er (det har vi gjort), eller server med vaniljeyoghurt og litt ekstra bær.

Dette var superpopulært heime hos oss! Faktisk så populært at mannen har kjøpt frosne jordbær kvar veke sidan eg lagde dette for første gong - og har begynt å snakke om at han vil lage det slik at han kan spise det oftare :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...