tirsdag 31. mai 2016

Knekt bein og utslitt kone

Det er travle dager. Vi hadde mange planer, og vi HAR mange planer. Eg står for mykje, mannen for mykje, men mest har vi mange planer saman.

Derfor passa det svært dårleg at mannen knakk beinet for snart to veker sidan.
Han har hatt masse vondt, og han er både skuffa og irritert - men så er det slik at ein er seg sjølv nærmast. For sjølv om det er han som får all sympatien (og den fortjener han altså!) så står det ei veldig sliten kone ved sidan av. Alt er delt, ikkje sant? Og når han er nede i 5% er det masse på meg som vanlegvis er på han. Vaske huset, klippe plenen, vaske badet, tømme sluken, trille søppelspannene ned til bossbilen, tømme den store papirkassa, vekeshandle, hente i barnehagen, vaske bilen, bære nyvaska klær opp trappa og reise seg opp ALLE gongane ein av ungane trenger hjelp.

Og han berre sitter der.

Også er det resten. Vaske klær, rydde kjøkkenet, halde barneromma ryddige, køyre alle som skal noko der de skal når de skal, servere mat (han kan lage middag, men ikkje sette den på bordet eller rydde etterpå), tømme alle de fjorten søppelspannene vi har i hus (det er ikkje 14, men eg bruker vanlegvis berre å ta tre av de som er på kjøkkenet, så tar mannen resten - derfor føles det som så mange), passe på at Puste har nok mat og drikke - og generelt løpet opp og ned trappa heile dagen.

Og han berre sitter der.

Alle aktivitetane mannen skulle vere med på har han måtte avlyse. Men nokon av de inkluderte storebror, så da vil eg så gjerne at det skal bli stell der likevel. Så da ordnar eg utstyret som trengst, køyrer begge av gårde og er der med de og lillesøster medan eg serverer mannen det han trenger medan han er der, køyrer de heim igjen og bærer alt utstyret inn i huset og rydder det på plass. Dette har eg gjort to gonger, og skal gjøre på nytt i dag og i morgon og på torsdag. Lenger orker eg ikkje å tenkje.

Og han berre sitter der. Og har begynt å ha ei bok i lomma slik at han har noko å lese på medan han berre sitter der.

Mine eigne aktiviteter og avtaler kan eg ikkje avlyse. De må gå sin gang. Eg må berre hente lillesøster i barnehagen først og få ho heim. Finne nokon som kan hente ho heime seinare og følge ho til hennes avtale som eg ikkje rekker fordi den kræsjar med min. Også må eg ta bruke retten på overtidspause til å hente ho og køyre ho heim. Eller hente storebror og ta begge med til der eg er.

Og han berre sitter der.

Kombinere barn og jobb gjør eg forholdsvis ofte, men ikkje alltid og kvar som helst. Da eg måtte gjøre dette sist laurdag endte eg opp med å miste begge to i heile 40 minutter. Det er det verste eg har vore med på! Og ikkje utenkleg det verste lillesøster har vore med på også.

Og han berre sitter der. Heime. Og eg kunne ikkje ringe - for kva godt ville det gjøre?

Handle inn til kake til avslutninga i barnehagen, handle inn grillmat og utstyr til avslutninga på skulen. Lage kake. Levere kake. Lage grillmat. Servere grillmat. På ein eller anna måte klare å finne ut korleis eg skal klare å gjennomføre 6-årsfest til lillesøster med kun ein voksen som kan gå. På ein eller anna måte klare å sjå at dette kun er midlertidig.

For han berre sitter der.

Medan vi er midt i fleire omstillingsprosessar heime og ei overhengande fare for at sommerferieplanane våre må leggast om sidan han kanskje ikkje kan gå godt nok etter at gipsen forsvinner fire dagar før vi reiser av gårde.

For han berre sitter der.

Men det er ikkje godt for han heller. Han humper seg til jobb kvar dag og er heilt avhengig av andre. Det er ikkje kjekt. Kanskje det er derfor han snakkar han i søvne. Det gjør han vanlegvis ikkje, så eg kvepper ordentlig til og sovner ikkje igjen utpå morgonkvisten, fordi eg blir liggande og tenkje på alt eg må rekke neste dag.

Og han berre sitter der. Medan eg er så sliten at eg leggjer meg kl.21 kvar kveld og lurer på kvar eg kan få meg ein stand-in-ektemann.

mandag 30. mai 2016

Kongen!

På 17.mai venta vi spent på at kongen skulle komme på TV. Det er unektleg fasinerande at vi har konge og dronning og prinsesser og prinsar sånn heilt på EKTE, så da var det stas å vite at de snart skulle komme. Det var ein litt småsur morgon, så eg klamra meg til eit lite halmstrå og sa med all entusiasme eg klarte å oppdrive "La oss sjå om kongen har komt i Oslo"! Eg gjekk inn i stua og slo på TV, og la fort merke til at lillesøster ikkje var med meg inn. Er du sur og er igjen på kjøkkenet? Storebror var på plass. På TV sa de at kongen skulle komme om 30 minutter, og da sa eg til storebror "ok, da lar vi TV'en stå på. De viser sikkert snart noko frå Bergen. Kor er eigentlig lillesøster?"
Teikemuren - ikkje langt unna Oslo
Tilbake på kjøkkenet kom ho tuslande inn gjennom døra vi har der som går ut i hagen.

"Kor har du vore?"
"Eg var i Oslo. Men kongen var ikkje der"
Her må du kanskje ha litt inside information før hjartet svulmar. Oslo er den øverste delen av hagen vår. Der står trampolina og jobbilen til mannen. Det er storebror som kalte den delen av eigendommen for Oslo da han var 2 år og vi flytta hit. Stakkars lille, smarte og gode lillesøster trudde altså at kongen skulle komme dit. Det var så rart også - for ho var liksom ikkje lei seg. Ho berre konstaterte at han ikkje var der. Det stemte jo det - han skulle komme om 30 minutter.

søndag 29. mai 2016

Konfirmantpengegåve

I helga har det vore konfirmasjon til fetteren min i Ålesund, men vi hadde dessverre ikkje høve til å reise denne gongen. Vi har sendt opp ei pengegåve, og som alltid er det gøy å gjøre noko utav den. Det er heilt innanfor å leggje ein lapp saman med kortet også, men eg ville prøve noko anna. I fjor laga eg denne.
Inspirasjon til årets utgåve fikk eg på nettet. Målet er at det skal sjå ut som konfekt - noko eg ikkje heilt synas at den gjorde sidan eg ikkje hadde konfektaktige toppar å feste oppå - altså noko som ser ut som mat. Men akkurat det veit nok ikkje konfirmanten, så det gjør jo ingenting!
Eg festa pengane med litt Tack It og pynta "konfekten" med blomar i filt og ei sløyfe. Boksen er ei konfekteske som eg fikk av mannen til Valentines Day (nam,nam; deilig sjokolade!).
Slik vart den ferdige gåva! Denne kan også lagast med større konfekteske. Eg lagde eit enkelt kort som eg tapa fast under boksen. Ei kjekk lita gåve med litt cash!

lørdag 28. mai 2016

Grillparty!


Små venner på picnic
Vi har de siste åra grilla på bøttegrillen vår. Den er liten og nett, og er varm leeengee! Det er ikkje så masse som er varmt samtidig, men med litt tålmod kan den grille middag til fire familier (det er sant, vi har prøvd!)

Denne veka kjøpte eg ein litt større grill, og da måtte vi sjølvsagt invitere til grillparty! Det er så masse god grillmat på butikken no! Mmm, eg blir sulten berre av å tenkje på det!

Det er så deilig med sommarvær! Vi nyter det til fulle!

fredag 27. mai 2016

Festspillfredag

Tre Festspillinnlegg på rad! I kveld skal eg og mannen på DNS og sjå "Hallo" av og med Martin Zimmermann. Eg er ikkje ein stor fan av absurd teater, kun teoretisk fan, så dette er på mange måtar noko eg vanlegvis ikkje ville ha sett. Eg trur likevel at eg kjem til å like det - eg håpar det - for denne mannen veit kva han gjør!
Flotte Store Scene på Den Nasjonale Scene

torsdag 26. mai 2016

Kulturnerd!

For ei flott opning av Festspillene i strålande sol på Torgallmenningen i går! Det var så mykje bra på scena og Marte Mjøs Persen holdt ei god og viktig tale før ho erklærte Festspillene 2016 for opna! Eg er ikkje bergenser, men av og til trur eg at eg kjenner stoltheten bergensarane har over byen sin! Det er alltid stas å sjå den eldre garde som møter opp på slike arrangement i dress og hatt, eller med raude sko og fin veske. De har pynta seg - det er fest i Bergen!
Det er ikkje mange som snur seg med ryggen til scena for å sende lange blikk etter denne mannen! Men det gjør eg, og eg tar til og med eit paparazzibilete av han! For dette er ingen andre enn Allan Lucien Øyen! Og det må ein kanskje vere kulturnerd for å sjå.

Øyen var dansar i dansekompaniet Carte Blanche da eg kom til Bergen i 2001. Eg var alltid på den første danseforestillinga når de presenterte noko nytt - eg var STOR fan av kompaniet! Og særleg var eg stor fan av dansaren Allan Lucien Øyen! Ein gong han var skada satt han like ved meg i amfiet, og eg var heilt starstruckt!! No er han mellom anna koreograf, men eg har enda til gode å sjå noko av det han har gjort. Eg fylgjer tett med og gler meg til eg ein gong får sjå noko meir enn utkast!

I går var han tilstades under åpninga, rett og slett fordi det var han som hadde regien på den. Det var ikkje rart eg likte opninga så godt - den hadde ein flott dramaturgi og variasjon! Også denne mannen da! Han overskygga både dronninga og Magne Furuholmen (det er vanskelig å gjøre) for meg!! Ekstra gøy er det jo at han hadde med fleire aktørar på scena eg kjenner godt gjennom jobben min - nøkkelpersoner som ikkje berre er fantastiske formidlere, men også varme og genuine mennesker som eg er stolt av å kjenne!

Bra Allan! Bra Festpillene!

onsdag 25. mai 2016

Festspillåpning!

I dag er det opning av Festspillene i Bergen - eit av vårens absolutte høgdepunkter! Vel, det er ikkje alltid at opninga er eit høgdepunkt, men det er starten på ei periode med masse gøy - og eit hint om at sommaren snart er her!
Ballerinalillesøster før sommaren kom
Vi spaserer frå jobb til byn for å få med oss opninga som i år endelig er i strålande solskinn! I fjor kom eg på opninga samtidig med powergjengen Åse Kleveland, Erna Solberg, Trude Dreveland og dronning Sonja - det var så flott å sjå de saman! Sterke mennesker altså!

Men i dag - opning på ny! Det gledast!

tirsdag 24. mai 2016

17.mai 2016

I dag er det ei veke sidan 17.mai! Det kjennes som om det er minst ein månad sidan alt, men kanskje eg merkar at det ikkje er fult så lenge sidan når eg skriver om dagen no :)
Vi skulle ha venner på besøk til lunch/middag, så vi hadde formiddagen fri. Det var bra, for alt som kunne gå galt gjekk galt. No merkar eg at eg har gløymt masse, men eg kan nevne ting som gløymt å kjøpe bunadsskjorte til lillesøster, gløymt å sjekke om min eigen bunad passa, gløymt å kjøpe inn kaffe, gløymt å kjøpe rosiner til grauten, gløymt at muffinsoppskrifta eg skulle bruke hadde for låg temperatur på omnen, gløymt kvar vi la søljene til ungane etter 17.mai i fjor - for nevne noko. Ikkje store og viktige ting, men nok til at formiddagen vart litt - kva skal eg seie - i den negative sorten. Det hjalp ABSOLUTT ikkje at begge ungane var superspente og rastlause/sutrete.
Lillesøster med raudt, kvitt og blått i håret!
Men alt går over. Eg fant ein blå gensar til lillesøster som ho brukte bak-fram slik at Frostbiletet som var på den ikkje viste. Min eigen bunad passa, den var for stor, så eg stod og sydde inn beltet medan gjestane våre kom. Kaffe klarte vi oss utan, vi lagde nespresso-espresso istadenfor. Innerst i skapet fant eg ei halvfull eske med rosiner, så da var det rosiner til grauten i alle fall for nokon. Halvparten av Red Velvet Cupcaksene vart hule og halvrå. Sidan det vart altfor masse frosting da eg prøvde å få lettversjonen av Philadelphia til å bli stiv (mannen hadde handla feil type til meg), brukte eg mengder meg frosting og dytta muffinsane fulle i topping! Heilt innanfor. Søljene er framleis vekke. Lurer på kva lur plass eg har funnet til de!
Det eg hadde hugsa var lys, serviettar, blomar frå hagen, vannkringler, Fjordlandrømmegraut til 9 personer, spekemat, pølser, brød og lomper, brus, ketchup, sennep og sprøsteikt lauk. Samt små flagg til bordet og nye flagg til ungane.
Eg måtte raske noko kvitt utav skitnetøyskorga som eg kunne bruke under skjorta, men det gjekk fint det også. Dette var før eg sydde inn beltet - det skal jo ligge i skøyten mellom svart og grønt.
Gjestane hadde meg seg ein fin bukett til oss som pynta opp ekstra masse! Også var det endelig på tide å sette seg til bords og spise!
Det er første gong i år vi hadde både pølser og rømmegraut. Tidlegare har eg berre servert rømmegraut sidan eg vil at ungane skal smake det og kjenne til produktet (nasjonal matkultur er viktig!), men det viste seg å vere problemfritt å ha alternativer! Vi dekka på med både flate fat og gratuskåler, så alle fem ungane åt både graut og pølser!
Vi gjekk opp til det lokale skuletoget og delte oss mellom 2.trinn og barnehagen. Lillesøster hjalp til med å bære fana. Ho har også på seg cepen som mamma har sydd lik til meg og ho. Det var opplett, litt regn, men akkurat passe bunadvær! Av høgdepunkta var at storebror fant ein 50-lapp på vegen og smaken av den nye Noisy med jordbærsmak! Og sjølvsagt alle menneskene vi er så heldige å bu i nærleiken av! Etter snart 10 år i samme område er det tett mellom venner og bekjente, og det er fint når alle er samla på samme stad!

Alt i alt - ein finfin 17.mai! Vi har nokre forbetringsplanar for 2017. Kanskje kjem ikkje den dagen rett etter langhelg med tilhøyrande bursdagsfest, ein kombinasjon som utfordra mengden informasjon ein klarer å ha i hovudet på ein gong. Eg liker å tru at meir hadde vore på stell om eg hadde hatt meir tid før dagen. Men shit au! No gjenstår det berre å finne søljene.

mandag 23. mai 2016

Sommarplanar

I år skal vi tilbringe sommarferien vår nord for Bergen. Mellom anna har vi bestilt ei hytte på Helgelandskysten i ei veke. Vi reiser dit for naturen, og håpar sjølvsagt på godt vær! Ekstra hyggleg er det å få tilsendt brosjyre som viser alt vi kan glede oss til saman med ein handskriven lapp!
Lista over topp 10 naturattraksjoner er snopeliste - åh, kor eg gler meg til sommaren!!

søndag 22. mai 2016

Puste og vennen


Bortsett frå i sine glade ungdomsår da ho hadde ein kjekk kjærast, er Puste ganske så irritert på andre katter. Ho er sjef over både vår eigendom og nabotomta - og andre katter som kjem hit blir jaga vekk ganske så effektivt. Men så plutselig ein dag hadde ho fått seg ein venn.
Beklager dårlege bileter gjennom vindauget, men vennen såg litt redd ut, så vi ville ikkje gå ut. Puste derimot såg veldig glad ut. Slik låg de ei stund heilt til vennen synas det var nok stirring frå oss og gjekk vekk. Sidan da har vi ikkje sett han/ho. Var det eit lite blaff av ein vennskap? Fine var de i alle fall!

lørdag 21. mai 2016

Danseskuleavslutning

I dag er den store dagen da lillesøster skal vere danserinne på scena foran mange folk! Dette er stas må du tru! I salen sitter sjølvsagt stolte foreldre og storebror og farmor, klare til å klappe og heie på alle de flinke dansarane!
På veg til danseskule - på sparkesykkel!
Tradisjonen tru har vi blomar klare til etterpå - dette begynte vi med da ho gjekk på teaterskule og det er ein kjekk tradisjon. Store, flinke jenta vår!

fredag 20. mai 2016

Rødbetsuppe

Rødbeter er ein fantastisk grønsak! Den er sjølvsagt full av vitaminer, men den SER bra ut også - og smaker nydleg! Den er lett å skrelle, og da er den jo så fin!
Vi lagde Rødbetsuppe med to store rødbeter og gulrot, samt potet. Eg brukte oppskrifta som er på Tine sine nettsider; her.
 
Det er superlett å lage heimelaga suppe og så mykje sunnare enn posesuppe! Vi hadde ikkje topping på, den smakte herleg uansett! Søt og mild på smaken med ein farge som kan slå fletta av de fleste! Skikkelig stilig! Ungane åt den, men de er ikkje så glade i suppe (utanom tomatsuppe frå pose sjølvsagt), så det vart mest på meg og mannen.

torsdag 19. mai 2016

Lær å tenkje!

I dag bytter eg ut traktekaffe på jobb med take away og dag ein av eit todagers kurs som skal lære oss ein måte å tenkje på. Gje oss nokre briller. Eller ein hatt.

Eg håpar at eg lærer noko. Men mest av alt ser eg fram til to dagar saman med den utvida kollegagruppa eg er så heldig å vere ein del av! Og anna kaffe. Og fancy lunch. Det blir ikkje betre!

Så gjenstår det å se da. Om eg biter på tenkemetoden. Det er ein teknikk som vi kan bruke for å finne ut kva som er grunnlaget for valgene folk gjør - og korleis vi kan bruke den kunnskapen til å nå ut til målgruppene med tilboda våre. Eg er litt usikker på om det er så enkelt. Men eg er spent! Og open!

onsdag 18. mai 2016

Jentefestmeny


Fredag 13.mai var det duka for jentefest i hus tomt for mann og barn! Dette var litt av ein organisering for å få til - også når det gjaldt mat! Langhelg og to veldig ulike "arrangement" i hus krevde mykje forarbeid! På torsdag gjorde eg klart de rettane som kunne stå ein dag - kun to ting; panna cotta og potetsalat.
Klare til gjestane - med blåbærcoulis på toppen!
Resten måtte vere friskt, så dette lagde eg på fredag før gjestane kom. Focaccia, bacondadler, sitrussalat med mozzarella, avokadomajones, aioli og eggerøre. Ellers serverte eg druer, jordbær, salte kjeks, mamma sin heimerøyka laks (mmm!) og sjølvsagt rosa champis, vin og øl.
Vi hadde ein kjempeflott kveld!! Eg hadde quiz om meg sjølv og vi spelte Ryktet går. Ikkje før klokka 05:30 gjekk de siste gjestane heimover! Så seint har eg nok ikkje vore voken sidan eg var russ!! Fy søren kor flotte damer eg kjenner!! Mammaer er kanskje litt ekstra uthungra på sosial kontakt utan at ungane er med, for så gøy hadde fleire av oss rett og slett ikkje hatt på aldri så lenge! Da eg møtte mennene til nokon av de i toget i går skjønte eg at eg ikkje var den einaste som hadde tatt meg heilt ut! :)
Mann og barn var meir slitne enn meg da de kom heim på laurdagskvelden. Da var det fint å kunne servere litt tapas light til kveldsmat!
Øltid etter leggetid - godt sommarøl!

tirsdag 17. mai 2016

Frode Grytten og gratulerer med dagen!

Vift med alle flagg. Norge er i raudt, kvitt og blått. Verda er i fargar. Bare rasistane er i svart og kvitt. Vift med absolutt alle flagg.
Biletet er frå ein konferanse eg var på der Frode Grytten kom og skulle snakke om sitt forhold til media. Eg noterte han ned på arket, men det vart ikkje noko meir. Han må jo sjåast på og høyrast på!

Gratulerer med dagen!

mandag 16. mai 2016

Val av hus


Fruktpause med venner
Vi opplever at begge ungane ofte vel å vere på besøk framfor å ha besøk heime. Det trenger absolutt ikkje å vere ein grunn for at det er slik, men eg har gjort meg nokon tankar. For storebror sin del handlar det nok mest om speling. Nettbrett, nintendo, playstation etc. Hos andre får han og kameraten lov å spele (etter det han forteller heime) ubegrensa. Hos oss må han spørre, og svaret er oftast nei "no har du venner på besøk. Leik saman." Samtidig ser vi at speling er ein måte å vere saman og leike på det også - men vi begrensar det kraftig.
For lillesøster er det også tilgang på skjerm som opplevast som fint. Hos vennane hennes spelar de lite, men de ser gjerne på teikneseriar. Det synas ho er stas. Hos oss får de kun lov å sjå barneTV på NRK3 kl.18-18:35.

Ein annan ting er mat. Begge to få nesten alltid mat når de er på besøk. Eller snop. Altså is, chips, smågodt, brus - eit eller anna. Hos oss får de mat når det er måltider, thats it. Og kun litt snop på laurdagar. (haha, for eit regime!)

Det verkar som om det er meir slinger i reglane i de andre husa. Det er heilt i orden for oss. Ein følger reglane som er i det huset ein er i. Men eg lurer på om kanskje desse tingene er grunnen til at ungane våre og til dels vennane deires synas det er best å vere i de andre husa. Det er jo kjekkast å vere der ein får lov å gjøre som ein vil, ikkje sant? Det er eg heilt inneforstått med. Samtidig betyr det at vi ofte har huset tomt for unger. Ingenting i vegen med det heller :)

søndag 15. mai 2016

Grønsaker!

3 av de 5 om dagen skal vere grønsaker! Annankvar veke får eg levering frå Finnegården som kjem med økologisk, kortreist og frisk mat! Eg har 2/3 av boksen med grønsaker, den siste delen med frukt. Kva som er i kassa er ulikt frå gong til gong - eg lar de velgje det som er best akkurat den veka.
Bladpersille, gigabønner, lauk, pære
Det spanande er jo å få heim ingrediensar eg ikkje normalt kjøper! På den andre sida trenger vi å ha tid til å lage noko utav de. Så langt går det fint, og det er masse ein kan putte inn i vanlege rettar også.
Ananas er jo dessert! Denne serverte vi (nydelig var den) til dessert den dagen eg fikk kassa. Sidan det ikkje er behandla opplever eg av og til at det rotner fortare - så det må etast!

Ein av våre favorittrettar er couscous med grønsaker og reker. Vi lagar 4 dl fullkornscouscous trekt i vatn med buljong. I steikepanna går paprikaer, lauk, erter eller evt andre grønsaker ein har liggande. La dette surre til couscousen er ferdig, så miksar du alt saman i steikepanna og tilsetter ein boks ferdigpilla reker - også er det vel bekomme! Her er det masse grønsaker, masse mat og ikkje minst går det superraskt å lage!
Italienske fargar :)
Smakar ekstra godt med bladpersille på!

lørdag 14. mai 2016

Lat laurdag

I dag er eg ein litt sliten, men veldig happy, 35-åring. Godt at eg har huset for meg sjølv eit godt stykke utpå dagen før mann og barn kjem heim igjen - klare til resteparty! Beste bursdagsgåva ever!
Lita jente, stor mormorkoffert

fredag 13. mai 2016

Bursdagsjente!

I staden for å vente til eg fyller 40, lager eg fest når eg fyller 35! Altså i dag! :) Fest er gøy, og i kveld har eg huset for meg sjølv!
6 venninner kjem på besøk for å spise tapas, drikke masse vin (og rosa champagne) og skravle! Herleg! Min burdagsgåve til meg sjølv! :)

torsdag 12. mai 2016

Spiderman og meg


Juhuu! Eg er enebarn!
I dag tidleg var det berre meg og storebror som skulle opp og ut dørene. Da skulle ein jo tru at morgonen var roleg og oste av god tid, og at ein til og med var tidleg ute på jobb. Men - nei. For det første såg vi begge mulighetene for ei litt lenger natt, så vi stilte vekkerklokkene litt seinare enn vanleg. Sove 20 minutter ekstra? Ja takk! Og med det vart det ein vanleg morgon - i alle fall når det kjem til klokka og når vi faktisk var i bilen.
I C U!
Også var det den skulebiblioteksboka som skulle vere med i sekken. Kvar ligger den? Noko av det verste eg veit det er å leite etter ting på morgonen. Heldigvis fant eg den i leikekassa, men det var først etter at eg hadde gitt opp. Slike ting tar lang tid!

På veg til skulen kom det ganske så snasent frå baksete: "Istadenfor krig burde de berre ta håndbak." Ååhh, eg er så enig!! Tid til å fundere på korleis verden hadde fungert betre - det har vi (nesten) alltid!

onsdag 11. mai 2016

Langhelgforbredelser

Sidan det er langhelg snart med mange planer bruker vi denne varme og fine dagen på å handle inn mat. Det er dumt å gjøre noko som helst anna enn å nyte været; men skal det bli fest og kos må vi ha mat! Lillesøster skal vere på overnatting aleine for første gong i natt, så ho avleverer vi først. Tenk så spanande!
Bryggen i sol!
I morgon må vi rydde og lage mat. Enkelte ganger altså - det skulle vere ein lov mot å gjøre andre ting enn å ligge i sola og lese bok! Heldigvis skal det snart bli litt mindre varmt - haha - da er det betre å vere inne enn ute!

tirsdag 10. mai 2016

Ektemannens Hemmelighet

Denne boka av Liane Moriarty kjøpte eg pga plottet på baksida - du finner eit brev frå mannen din der det står på konvolutten at du skal lese det etter at han er død. Sidan han i høgaste grad framleis er i live er det interessant å vurdere om du skal opne det eller ikkje. Denne boka har virkelig alt! Krim, drama, romantikk og ein stor dose med Desperate Housewifes-aktige karakterar! Eg las denne ut på tre dagar!
Ein ting som eg likte spesielt godt er at forfattaren gir innblikk i kva som kunne ha skjedd om ting hadde vore litt annleis. Om ho hadde hugsa den legetimen. Om han hadde snudd seg. Om ho hadde hugsa å kjøpe smør. Det siste kapittelet er rein lykke i så måte! Dette er ein av de beste bøkene eg har lest på ei stund; så løp og kjøp og LES!

mandag 9. mai 2016

finn.no!

For ei helg! Det var heilt rart å køyre på jobb i dag, eg har trudd at eg har hatt sommarferie de to siste dagane! Kvilepuls og masse is - mmm!
Dette! I heile går!
På laurdag fikk eg solgt ein brudekjole som har hengt i skapet sidan 2008! Eg kjøpte den brukt, men da eg var hos skreddar fikk eg beskjed om at den ikkje kunne tilpassast meg. Den var rett og slett for lang i ryggen. Ho som kjøpte den av meg i helga var 10 cm høgare - så den satt perfekt på ho! Det er ikkje lett å selgje brudekjolar, det er så mange der ute!! Derfor er eg superhappy for å vere kvitt den, samt at skapet vart halvtomt etterpå! Finfint! Takk finn.no!

I sommarvarmen i går sakna vi fælt eit utebord til verandaen. I fjor hadde vi to som vi valgte å selgje på finn.no og enda har vi ikkje fått kjøpt oss nytt. Eit raskt søk på finn, så dukka dette flotte bordet opp!
Med fire stolar! Alt i tre og ferdig montert! Dette kosta oss 500 mindre enn eg solgte brudekjolen for, så her har vi gått i pluss både på den eine og den andre måten! Superflaks! Det var nydelig å spise middag her i går!
No som vi har så fine møblar på verandaen kom behovet for å vaske den litt også - så no har vi litt jobb å gjøre :)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...