mandag 9. januar 2017

Ballongbamse

Vi var på kino og såg Snekker Andersen og julenissen (som by the way er reinspikka julekjensle), og Bergen Kino hadde leigd inn mange ulike folk til å gjøre sprell utanfor kinosalen. Det var Live (rollespel for voksne med fantastiske kostymer), vaffelservering i det vi gjekk inn i kinosalen og verdens flinkaste ballongmann!
Ungane fikk velge sjølv kva de ville ha, og lillesøster ville ha ein bamse. Også laga han denne! Har du sett noko så flott i ballong før?!? Det har ikkje eg!
Komplisert bakside!
Eg er så djupt imponert! Eg lurer på om eg skal leige han inn på eit av de store arrangementa eg skal administrere i jobben i år. Dette er jo så kult!!
Ballongbamsen vart tatt godt vare på, og varte i nesten ein heil månad!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...