onsdag 4. januar 2017

Nytt bad!

Huff! Desse oppussingsinnlegga tar lang tid å lage! Og når prosjektperioden er superlang - tar det jo ekstra lang tid! Men no har badet vore ferdig i nokon veker, og eg er klar til ein kort gjennomgang.
Rommet vi ville bruke som bad var arbeidsrom for mannen i huset som bygde det i 1968. Her var det ein finfin arbeidsbenk og masse plass til oppbevaring av verktøy. Vi brukte den også som bod. Mannen hadde ein databenk her med datamaskin. Her satt han masse medan han studerte, og når det gjekk ein eller anna fotballkamp. Ting som skulle reparerast vart også lagt inn her. Det tok han fleire veker å rydde ut!
1.etasje i huset vårt har er delt opp i  det vi har kalla bak-kjeller og ja - kjeller. Det var dør bak til ein gang (på biletet over), og der er det igjen tre rom - to boder og eit vaskerom. Rommet heilt innerst her skal bli bad. Også i gangen har vi oppbevart masse som måtte gjennomgås og sendt til Fretex/kastas.
Etter rundt ein månad med rydding kvar einaste kveld og helg vi hadde tid til det - var garasja vår full av boss! Vi fant ein som kunne hente det og kaste det for oss. Og no var gangen og rommet nesten tomt og klar til byggestart.

Vi starta heile prosessen i februar, og vi hadde fleire på synfaring. Men da synas vi prisen var så enorm at vi heller bestemte oss for å sjå etter eit heilt nytt hus. Vi tok nokon nye runder no i haust, og valgte eit lite firma basert på ganske ok pris, men mest utfrå anbefaling frå venner og tonen vi fikk med han som eiger firmaet. De gav oss ein oppstartsdato, og til den var vi klare. Torsdag 3.november.
Vi bestemte oss for å fjerne alle kobberrør i huset og bytte til ny varmtvannstank. Det var ikkje sluk på rommet, så det måtte også på plass. I rommet vart det ein heil del med rør frå badet oppe som måtte byggast inn. Det var jo eit tomt rom, men nokon tilpassingar måtte til.
Her hadde de opna opp og gjort gangen lenger. Dette måtte de gjøre sidan el-skapet stod inne på boda som no skulle bli bad - og det kan ikkje stå inne på eit våtrom. Dette gjorde at vi mista ein del av golvplassen på badet, men det ville bli for dyrt å flytte skapet. (I etterkant viste det seg at rekninga frå elektrikker vart tre gongar så dyr som først forespeila, så her hadde det vel nesten vore ein dråpe i havet å flytte dette.)
Elektriker stod vi for sjølve gjennom firmaet som mannen jobber i. Det var spanande å sjå alle røra som ligger bak veggane! Det skjedde noko spanande kvar dag, og det var så gøy å gå ned og sjå! Enn så lenge jobba de i bak-kjellaren; så resten av huset var uberørt.
Her har de plata inn veggane, og vi kunne få ei kjensle av rommet. På dette tidspunktet såg det ganske så lite ut synas eg, men eg viste at det ville bli betre!
Etter masse forarbeid vart varmekablane lagt. I denne perioden hadde vi brukt masse tid på å sjå på og bestemme oss for fliser og interiør. Vi hadde snakka om at dette skulle bli eit enkelt "arbeidsbad", men i det vi såg på fliser fant eg absolutt ingen fliser eg likte som var rimlege! Vi endte opp med ganske dyre italienske fliser frå ein lokal flisebutikk. Eg pruta ned slik at eg fikk 10% avslag og lovde å skryte fælt. Akkurat det kjem eg ikkje til å gjøre sidan det vart forsinka leveringsdag, nesten 4 veker seinare enn han hadde lovd! Han rekna også ut kor mange fliser vi måtte ha, og vi endte opp med nok fliser til to bad. Han tok tilbake flisene vi hadde til overs, men da til halve prisen av det vi betalte for de! Eg skal ikkje framsnakke han her altså!

Interiøret fant vi på Megaflis (toalett, badekar og dusj) og IKEA (servant, speil og skap). Vi hadde tenkt å gå for IKEA-lamper også, men det var ikkje elektrikkeren så glad for, så da vart det heller spotter og lamper frå Bohus over speilet. Så da var det kun nokon få ting på badet som gjekk under kategorien "ikkje spesielt dyrt". Jaja, på dette tidspunktet hadde vi sprengt heile det ikkje-eksisterande budsjettet vårt og det var berre å køyre på! Badet vart finansiert med huslån og eigenkapital, nesten halvt om halvt.
Her der de flotte flisene begynt å komme opp! 30x60 på vegg og 60x60 på golv. De er så fine!! Da dette skjedde var det iskaldt i Bergen, og det nye badekaret vårt stod i garasjen. Vi måtte skrape bil kvar dag. Det har ikkje vore så kaldt verken før eller siden i vinter. Litt uflaks der altså.
Da de hadde lagt golvflisene vart rommet stengt over helga! Her er oppsett til dobbel servant, lys over speil, vifte til venstre og luke til hovedvannkranavstengingssak til høgre.
Innkludert i prisen vi fikk var sjølvsagt montering av alt som skulle inn på badet. Men med IKEA må jo alt byggast. Det tok nokon kvelder innimellom alt det andre som skulle skje. No hadde de knust ned veggen mellom hallen og gangen bak slik at det no var eit stort rom! Meir bilete frå dette kjem i eit anna innlegg. Fint var det uansett å ha nok plass til å bygge på! Ungane hjalp sjølvsagt til - det skulle jo bli "deires" bad!

Den siste finishen av badet vart eit lite mareritt. De ulike fagfolka som må inn i eit slikt prosjekt klarte ikkje å kommunisere seg imellom, og skulda på kvarandre for kvar ein minste ting. Ein gong ringte elektrikkeren til meg og surmula fordi rørleggaren hadde gjort noko han ikkje var så glad for. "Er han ikkje der saman med deg da" spurte eg. Jo, det var han. "JAMEN SÅ SNAKK MED HAN DA!" Det var uklarhet i kven som skulle montere. Nokon andre enn rørleggar monterte dusjstanga som så viste seg å vere for lang når vi skulle ha badekar under. Kven sin feil var det? Her endte vi opp med å kjøpe fire ulike stenger som ikkje passa før vi fant ein som gjorde det. Toalettet rant og rant, og rørleggar var innom tre gongar før han fant ut kva det var og fikk skifta del. Av de to punktene elektrikkar hadde lagt opp over speilet hadde nokon spikra i det eine slik at kun eit av punktene var straum i. Kven skulle montere vifta? Var det elektrikkeren sin jobb å skaffe det som var mellom vifta inne i rommet og det som er på utsida av huset? Det er nummeret før eg fører opp "prosjektleiar på oppussing av bad" på CV!!
Men så - fem minutter før vi skulle på avsluttning med danseskulen til lillesøster ropte det nokon opp til oss - badet er ferdig!!! Enda tok det tre veker før alt var på stell, men no kunne vi bruke det! Og sjå kor fint!

Badekaret er firkanta og ekstra djupt - og rett og slett fantastisk å ligge i! Også ser det så stilreint ut! Dusjvegg som vi kan slå inn når vi ikkje brukar det, og heilt ut over toalettet når vi badar.
Dobbelt servant (ein til kvar unge - hihi), masse skapplass og to lys over speilet (elektrikkeren kunne hente straum frå det eine punktet - så bak speilet henger ein kabel slik at vi fikk lys på begge lampene).

JIPPI!!! Vi er ferdige!!Vi synas badet har blitt så fint, og det er herleg å ha to toalett! Når vi no har bad nede også blir huset brukt på ein anna måte. Vi har utvida bruksarealet ein del, og det merkast. Det har på ein måte blitt større.

Det vart ein del dyrare enn prisen som først vart satt sidan vi ville utbetre fleire ting enn først tenkt. De rimlege flisene og møblane vart også forkasta i møte med nettopp desse (med unntak av IKEA da), så badet har blitt nesten like "eksklusivt" som badet oppe. Ikkje mykje arbeidsbad her nei. Vi snakka med ein meglar om dette før vi pussa opp, og ho sa at det var unødvendig å ha for dyrt interiør på badet. Men no vart det jo det. Men shit au. I det store biletet er det småpengar. Det dyraste er jo arbeidet som vart lagt inn, og no kan vi jo ikkje sjå det lenger. No ser vi flisene og badekaret og set pris på at det som er det er solid. For det er jo ungane som bruker det ALLER MEST! Men - sjølvsagt - vi brukar det masse vi to som betalte for det også!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...