onsdag 1. februar 2017

Skjerf!

I desperat leit etter noko anna å gjøre enn å ferdigsstille genseren eg jobbar med til meg sjølv, oppdaga eg to av dette fine garnet i strikkeboksen min:
Lillesøster? Vil du ha eit skjerf? Ja? OK!
Med tynt garn og tynne pinnar tok det faktisk ei heil del tid! Men rett fram og tilbake er super TVstrikking! Her ser eg "Gåten Nordvestpassasjen" der mellom andre Ulvang kjemper seg igjennom isødet. Eg digger slike ekstreme naturprogrammer! Dette er ikkje det første programmet eg har sett om akkurat denne staden. Fint og uproblematisk er det jo å sitte i sofaen og strikke medan de fryser seg forderva i minus 30!
Eg strikka opp begge nøstene slik at skjerfet vart langt nok til å kunne gå to gonger rundt halsen og framleis ligge ned foran. Det var ønsket nemlig. Haha - sjå kor fin ho er med minus tre tenner midt framme!
Det er litt skummelt med langt skjerf i leik, så eg lar ho ikkje bruke det på skulen. Det betyr at ho ikkje bruker det så masse enda, men det har vore med på nokon turar. Så langt som det er passer det i alle fall lenge! Og vi kan jo dele på det!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...