tirsdag 7. mars 2017

Morsdagstur

Det er ei stund sidan morsdagen, men eg har ikkje fått lagt ut innlegget før no! For ein fin morsdag vi hadde i februar! Den var særleg bra for meg om morgonen, da eg kunne ligge å lese i senga medan mann og barn laga deilig frukost med gåve, kort og teikningar på plassen min. Det var strålande vær, så vi hadde turavtale med ein vennefamilie etter frukost. Vi pakka kakao og lunch i sekk og møtte de for å gå saman på Harafjellet. Vi hadde tre raske unger og to treige, så de voksne gjekk ikkje saman ein einaste gong heile turen; men slik er det av og til. Vi møtast på pauseplassane! Her ved ein gapahuk med utsikt mot Lyderhorn. Lillesøster disser mellom trærne.
Eit lite stykke unna her åt vi lunch - lenge - i knallsol! Utsikt også der mot heksefjellet Lyderhorn. Ungane leika frå og til, og vi hadde masse tid til prat. Det er så herleg!

Lesing om morgonen, sleppe å lage frukost, tur i sol med gode venner - det er oppskrifta på ein god dag!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...