mandag 24. april 2017

Påsketur til København

I påska hadde vi nokon fantastiske dagar i København! Dette hadde vi gleda oss til i fleire månadar - og vi opplevde så masse! Utgangspunktet for turen er denne boka, derfor måtte vi i førske omgang til Oslo for å ta båten derfrå - akkurat slik Karten og Petra gjorde!
Vi køyrte austover på førmiddagen for å rekkje innom venner i Kongsberg for sosialisering og ei god natts søvn. Hardangervidda hadde vore stengt dagen før, men akkurat denne dagen var det knallfint og bart! Flaks!
Palmelaurdag køyrte vi siste vegen inn til Oslo og tok båten sørover til København der vi var framme kl.09:45. Vi gjekk av bussen eit stykke unna hotellet og gjekk gjennom ein park på vegen. Der var vi så heldige at vi fant ein kjekk leikeplass! Denne leikeplassen gjekk vi faktisk innom på veg tilbake til bussen da vi skulle heim igjen - den var så gøy!
Etter å ha lempa av sekker og kofferter på hotellet gjekk vi til Tivoli! Her var det påske og vår og alt som er fint!





Vi kjøpte oss turpass slik at vi fikk køyre karuseller og "fjell - og dalbane" (som lillesøster kalte det) så masse vi ville! Vi fikk også med oss to forestillinger!





Det var blå himmel og deilig varme denne dagen! Inne i Tivoli blåste det ikkje så masse heller, så vi måtte til og med kle litt av oss! Vi vart solbrente denne dagen alle fire! Vi åt nydleg grillmat inne i eit sjørøverskip, og da vi kom ut var det begynt å mørkne! Det var så masse fint å sjå på overalt! Og så mange gøye karusellar! Ungane tok mange utan oss, men vi er så glade i karusellar alle saman - så vi fikk slengt oss rundt skikkelig heile gjengen! Vi likte best den eldste berg - og dalbanen de har - den hadde til og med eigne vognførere som styrte farten undervegs; kjempestilig!

Klokka var over 20 på kvelden da vi bestemte oss for å tusle tilbake til hotellet. No var lysa komt på i heile parken som skulle vere open i fleire timar enda.

Dagen etter stod det shopping og sightseeing på menyen! Vi brukte god tid på Strøget og særleg i Disneybutikken og Legobutikken.
Så gjekk vi til Runde Tårn! Rundt og rundt og rundt! Og på toppen - kjempefin utsikt over byen!



Etter toppturen åt vi lunch på ein deilig restaurant. Vi ville sitte ute i finværet, men det blåste så masse at vi måtte sette oss inn likevel. De hadde så gode barnemenyar overalt! Det blir fort ein del pølse og pommes frittes, men ikkje ein einaste gong åt de det i København! De åt fiskepinner, frikadeller, pizza og bagles, mellom anna! Vi var så heldige med valg av spisestader!
Ved Nyhavn tok vi ein kanalbåttur som iløpet av ein time tok oss med rundt i kanalar og heilt opp til den Lille Havfrue. Det var stas sjå byen frå denne vinkelen og godt å få sitte litt i ro!

Nyhavn
Neste dag - og alt siste dag - var vi i Glypoteket og lot oss rive med av den fantastiske mumieutstillinga! Her er vi i vinterhagen, nok ein gong med sola skinnande ned på oss!

Glypoteket var perfekt for oss, og ein fin aktivitet før vi gjekk mot bussen gjennom tidlegare nevnte park med leikeplass. På båten gjekk vi rett i bassenget før vi åt middag med nydleg utsikt mot Sverige!

Vi var framme i Oslo kl.09:45 og satte oss rett i bilen som stod parkert på kaia og køyrte mot Hallingdal.
Vi stoppa i Hemsedal og åt lunch hos nokon venner frå Bergen som har hytte der. Etter ei god pause tok vi siste resten i ein jafs, og var heime kl.20:00 på kvelden. Det var litt godt, men mest trist - vi kunne godt ha vore mykje lenger på ferie! Det var nytt for oss å feriere i storby saman med ungane. Det var interessant og veldig fint! Ungane ser ting som vi ikkje ser. Og de vart fort vande med å holde seg nær oss, det er de ikkje så gode på heime i Bergen. Ein god øvelse før Paris i sommar altså! København - vi digger deg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...