mandag 29. mai 2017

3-fjellsturen 2017

Det er ikkje til å stikke under ein stol at eg angra på at vi i det heile tatt hadde tenkt på at vi skulle vere med på 3-fjellsturen i år da vekkerklokka ringte på ein søndag - og det var berre å komme seg opp og i gang! Men med 15 kg i sekken (det var meldt varmt, så vi måtte pakke masse vatn og snacks!) stod vi klare ved Fløybanens nedre stasjon kl.09:30. Etter litt sure miner på starten av oppoverbakkane løsna det fint, og vi var fort oppe på Fløyen (400 moh). Der har de eit finfint leikeområde, så ungane fikk leike litt der før vi gjekk vidare. Her måtte vi berre vere greie, men både eg og mannen trippa etter å komme oss vidare. Det gjekk fort vidare og opp på fjell 2, Rundemanen (560 moh). Klokka var ikkje mykje, dette gjekk unna, men vi hadde lunchpause der slik planen var. Omsider vart sekken litt lettare også - eg hadde svetta som ein gris heile vegen!
Frå Rundemanen er det berre nedoverbakke til Sandviksfjellet (417 moh). Steinete og sleipt, men vi kom oss ned. Her fikk vi det siste klippet - no venta berre nedstigninga til målgang i Marken!
Vi brukte kun 4 timar på heile turen. 12 km, tre fjell og god stemning. Vi hadde fleire pausar undervegs, og ein god og litt lengre stopp på fjell to. Finfint med ny turmulighet på tre fjell! Men neste år går vi fire. Eller - eg kjente på at 7-fjellsturen hadde vore kjekk å gå. Berre for meg. For det er langt! Det gjorde ikkje vondt i går - og det er liksom heile poenget med 7-fjellsturarrangementet (trur eg). :)
Diplom! Storebror fikk sin 3-fjellstur godkjent som 4-fjellstur, og lillesøster fikk den godkjent som 7-fjellstur! Det lønnar seg å vere 6 år!
Årets farge er grøn! Storebror går med si skjorte på skulen i dag; du må tru det er stas!!
Vi gjekk rett på resturant og åt middag, sjølv om det var litt tidleg. Mmmm- det var godt med mat! Og godt å komme heim utan å måtte lage middag. Vi bomma litt på bussen slik at vi måtte gå av busstoppet over 3 km unna huset vårt! Storebror vart hissig som ein veps! Og, joda, vi hadde jo absolutt gått nok! Men det var herleg å komme heim, ta av seg på beina og legge føttene høgt!
All ære til mannen som stakk avgårde på fotballkamp nokon timar etter at vi kom heim! Scorte mål gjorde han også! Makan!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...