onsdag 3. mai 2017

Finværsaktivitet


Det er berre så lenge eg klarer å ligge ute i sola å lese. Mest blir eg varm. Eller eg blir sliten i armane av å holde boka oppe slik at den skuggar for sola. Også ser eg på verandaen. På den fine, kvite bordet i tre som vi kjøpte i fjor og aldri fikk dekt til før hausten kom. Da ser eg bort på mannen og spør om han har arbeidslyst. Det har han gjerne, også begynner vi.

Eg trudde det berre var å vaska og smelle på eit strøk på bordet - og det var det. Men slik vart det ikkje. Terrasserensen var så kraftig at vi må behandle heile verandaen på nytt. Så det skal eg gjøre når sola forsvinner frå verandaen i kveld. (fordi det er ikkje arbeidslysta akkurat den dagen som blir brukt! Det blir meir jobb, også håper ein berre på at det framleis er arbeidslyst igjen etter at arbeidsdagen er over).

Mannen endte opp med å skrape bordet i fem omganger. I går stod han i kø på malingsbutikken i ein liten evighet (alle skal male hus!) og kjøpte illeluktande og treigttørkande maling som skal på i dag. Det må på i dag sidan vi må gjøre det inne i stua (!) på grunn av at malinga ikkje kan ha sol på seg på fleire døgn. Da må vi male så snart vi kjem heim frå jobb og vi kan ha alle dører og vindaug opne for å lufte ut lukta.

Såe... det baller på seg. At vi aldri lærer!

*men det blir bra til slutt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...