fredag 12. mai 2017

Lyderhorn

Nokon trenger å øve seg på å komme seg ut. Eg trenger å øve meg på å sitte i ro. Eg trur eg er betre til det, men eg trivast best når eg brukar slike finværsdagar ute på tur. Som denne soldagen! Lyderhorn, I am climbing you! Eller, som eg og lillesøster av og til roper da vi ser toppen frå bilen, "no kommer vi snart og trakker på deg!"
Vegen frå Kjøkkelvik er kort, og dertil bratt. Fjellet er 396 moh, men frå der eg parkerar og opp er det kun 253 høgdemeter. Men det er 0.9 km frå start til topp - så det er litt helling. Men det liker eg!

Utsikt mot Storavatnet og Sotra.

Denne dagen, 25.april, var det framleis snø. Dagen etter var heile fjellet dekt i snø, så slik sett var eg heldig med denne turen! Eg har kjøpt nye fjellsko som fikk kjørt seg på glatt berg oppover. De hadde godt feste, men eg sklei på is da eg gjekk ned igjen - de er ikkje piggsko heller!
Utsikt mot Flesland.
Nok ein gong var det vindstille og godt på toppen. Eg blir aldri lei utsikta her!
555 - mot Sotra
Lyderhorn! Eit finfint fjell å trakke på!
Blått! Og brunt og grønt.

1 kommentar:

  1. Må si jeg savner Bergen litt når jeg ser bildene dine :)

    SvarSlett

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...