søndag 28. mai 2017

Trening på asfalt og fjell


Lyderhorntur med 1.trinn, 30.mars.
I vinter har eg holdt formen ved like ved å gå lange turar i skogen og nokon fjellturar når været har vore ok. Men det er framleis eit sjokk på systemet å gå frå spasering til jogging! Eg hadde nokon joggeturar der eg trudde eg måtte kaste opp fordi det var så tungt. Blodsmak i munnen og for første gong - vond i eit kne! Da er det litt vanskelig å holde motivasjonen oppe. Også blir eg litt betenkt. Jogging er veldig belastande. Eg fylte 36 år tidlegare i mai. Er det galskap å tru at eg skal klare det som eg har klart de siste 3-4 åra? Eg har ikkje komt opp med noko bra svar på det. Og simultant med joggeturane kjem kondisen og styrken på plass igjen, også virkar den tanken berre rar. Sjølvsagt klarer eg det!
Nye joggesko! Viktig!
Da held eg denne sesongen også. Også får vi ta det som det kjem. Eg har så langt i år vore på fleire fjell enn på dette tidspunktet tidlegare, så alternativ trening er alt igangsatt. Også nyter eg de joggeturane eg tar og prøver å sprite de opp med intervaller. Det trenger ikkje alltid å vere lengre. Det kan også vere raskare. I vår har eg skunda meg sakte, noko som betyr at formen er godt tilbake der den bruker å vere i joggesesongen; og eg gjennomfører lengre turar utan nokon vondter. Det er eg så glad for!

I dag er det 7-fjellstur i Bergen! Vi er med alle fire og skal gå den nye 3-fjellsturen som er spesielt retta mot småbarnsfamilier. For lillesøster teller den faktisk som ein 7-fjellstur - de registrerer de som går og når du har gått 7-fjellstur ein viss antall ganger får du premie. Vi er ikkje på veg dit nokon av oss, men gler oss til ein flott tursøndag på tre av Bergens sju fjell!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...