torsdag 22. juni 2017

Halvmaratondistanse på ein måndag

Vi er så heldige i jobben at vi ein gong i året får lov å gå Vidden i arbeidstid. Datoen blir bestemt i god tid og da er det berre å krysse fingrane for godt vær! I år var det tjukk tåke til langt nedover Ulriken og regn. MEN det var vindstille og ok temperaturar, så det er da noko.
Eg parkerte på Montana og gjekk opp i tåkeheimen. På vegen møtte eg sherpaer som jobbar med den nye trappa. Arbeidsleiaren bad meg om å snu og gå ned - det er for mykje tåke! Nei, eg skal gå Vidden! Vi er ein gjeng som skal møtast på toppen! Han gjentok "nei", og eg smilte og sa "ha ein fin dag!"

Det var fleire enn han som ikkje anbefalte oss å gå, og fleire kolleger meldte fråfall. Men vi var fem som gjekk - og det gjekk jo heilt fint!
Vi kunne sjå vardene ein etter ein, så slik viste vi at vi var på rett veg. Innimellom var det så tjukk tåke at vi ikkje såg noko, men det er gode stiar så det gjekk fint. Av og til åpna tåka seg og vi kunne sjå både sola og byen! Eller i det minste to-tre varder framover. Fantastisk lys var det også!
Men sjølvsagt. Det var veldig grått og umogleg å forstå kor langt vi var i løypa. Vi trudde vi var rundt halvvegs da vi åt lunch, men det viste seg at vi var langt frå halvvegs; så eg var i alle fall kjempesulten igjen rundt tre timar før turen var over. Det er ikkje første gong eg bommar med matmengden på slike lange turar. At eg aldri skal lære!
Her er vi på veg ned til Isdalen. Dette er det verste partiet med veldig bratt sti og bratte stup på begge sider. Her tok vi oss god tid. Det var også her eg valgte å skli litt på gjørma, men eg landa mjukt (i gjørme) og var ikkje heilt på kanten.
Under tåka var det så irrgrønt! Vi møtte ein turist med eit kjempestort fotoapparat som skulle ut i terrenget og fotografere. Lyset var jo heilt magisk!
Over Rundemanen og via grusvegane til Fløyen. Her nede var det litt lettare og til og med litt sol! Her tok eg farvel med de andre og begynte på vegen tilbake til Montana der bilen stod.
Det tok ein time å gå til bilen. Da eg sjekka GPS'en som hadde vore på heile turen såg eg at eg hadde gått nesten 20 km. Eg mangla kun nokon få (!) hundremetere til å krysse av ein halvmaratondistanse! Derfor (og dette vart berre dummare og dummare etterkvart som eg gjorde det, men det var liksom ein god ide når eg tenkte det) gjekk eg litt oppover mot Ulriken igjen for å nå det eg trudde var distansen, 21.19 km. No viser det seg at den eigentlig er 21.097,5 m, så eg gjekk litt lenger. Ein heil del lengere eigentlig, eg ser på GPS-kartet at den ikkje har fulgt meg heilt rett. Men uansett.
Ulriken sett frå Fløyen.
Slik såg dagen ut på Runkeeperen min. Totalt vart det 913 høgdemeter og 21.19 km. Dagen etter var eg litt støl i beina, men det gjekk fort over. Eg var meir sulten sidan eg hadde spist altfor lite på turen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...