lørdag 1. juli 2017

Lyderhorn i tåke

Medan gutane i huset var på speidarleir ei helg hadde eg på førehand spurt lillesøster om kva fjell ho ville gå på. Svaret var "Lyderhorn, og jeg vil sykle dit!" Eg var litt usikker på om det vart litt masse for de små beina hennes, men det var det virkelig ikkje!
Det var lav tåke da vi stod opp, men utover førmiddagen letna den litt og vi kasta oss på sykkelen med Lyderhorn som mål. Vi var enige om at vi ikkje ville gå på fjellet i tåke sidan vi kunne gå oss vill. Men da vi kom fram til fjellet såg det jo slik ut - ingen sikt! Sidan det hadde letna heime tenke eg at det kom til å letne her også. I alle fall før vi kom på toppen - så vi gjekk.
Letne, det gjorde det absolutt ikkje! Det tjukna heller til! Heldigvis går eg dette fjellet veldig ofte, og kan vegen godt. Det er også satt opp blå merker på denne løypa som vi passa på å følge. På toppen var det svært folksomt! Vi åt medbrakt lunch og kosa oss der (minus utsikt) før vi gjekk ned igjen.
No hang tåka lenger nede enn den gjorde da vi gjekk. Eg trur det vart ein spanande tur for lillesøster - det var gøy å gå i tåke! Og det var gøy å sykle til og frå fjellet! Vi vart litt kalde, så da vi var heime igjen gjekk ho rett i badekaret der ho varma seg opp lenge! Ein fin dag - "berre oss jentene" som lillesøster sa, igjen og igjen :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...