onsdag 30. august 2017

Ny pus!

Etter at Puste vår vart sjuk og måtte avlivast rett før påska har vi hatt sjølvpåført kattepause medan det var sommar. Eg aktiverte eit finn-søk før vi reiste til Paris da eg merka at mange la ut annonser med pusunger idet de var født! Så skulle vi få oss pus iløpet av hausten måtte eg vere litt på'n!

Det viste seg å vere vanskelig å få seg ein pusunge! De var solgt før eg rakk å melde min interesse, og ein gong vart det til og med budkrig på ein grå katt frå Sotra! Men så var det ei som la ut kun tekst om sine fire kattunger. Vi falt heilt for han som ho hadde kalla Don Juan og sendte ein lang mail om oss til ho. Og ikkje mange dagane etterpå kunne vi reise til Fyllingsdalen og hente denne lille karen:
Han er fødd 8.mai og no heiter han Toulouse - som ein av kattane i Aristokattane. Han har flytta inn med heile seg! Han er supersosial og vil aller helst vere der vi er. Han begynner å male høgt når vi ser han eller snakker til han. Sover han på sofaen og vi forlater han der vokner han fort og leiter etter oss.
For ein overgang det er å gå frå ei roleg eldre dame til denne rakkaren av ein kattunge! Det er nesten som å ha ein unge til - men berre nesten! Heldigvis er vi ikkje ferske katteeigere og veit korleis vi vil ha det; også må han berre innfinne seg med det. Men i overgangsfasen no er det litt stress, både for oss og han. Men han er stille heile natta! Det setter vi stor pris på!

Simple tips to gain my friendship:

1. Have a cat
2. Show me pictures of your cat.
3. Invite me over to pet your cat.
4. Be a cat.
5. Cat.

Han sover ganske masse enda. Også vokner han, spiser, går på do - også herjer han i ein time! Også sover han igjen. Desse dagane vi er vekke på skule og jobb har han masse energi når vi kjem heim. Akkurat da vi er litt slitne. Men vi er fire som kan leike med han, så han blir sett!
Vi er blitt så glad i han! Ingen kan ta Puste sin plass, men han skaffa seg fort ein eigen plass inni hjartene våre!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...