fredag 27. oktober 2017

Ein hyggelig ting frå dagen

Da storebror er fødd under ein liten negativ stjerne starta vi for fleire år sidan med fast samtalepunkt under middagen. Fortell ein hyggelig ting frå dagen. Dette er bra av fleire grunnar. For det første tvinger det alle til å tenkje igjennom dagen sin med eit positivt forteikn - sjå etter det som var bra. For det andre får det alle til å fortelje noko om dagen sin, den delen av dagen der vi ikkje er saman. Slik trur eg vi får betre forståelse og kunnskap om det som skjer på skulen. Og ungane får eit vist innblikk i arbeidskvardagen vår. For det tredje viser det seg at den forventa samtalen rundt middagsbordet skaper eit fokus gjennom dagen. Ofte seier ein av ungane "eg gleder meg til å fortelje kva som er min hyggelige ting frå dagen!" De har tenkt på det og "spotta" den hyggelge episoden når den skjedde. Fleire gongar i veka har de fleire hyggelige ting, og ramser opp for oss! Eg trur det øver opp hjernene våre til å fokusere på det som er bra. Det er jo eit valg, og med kunnskapen om at hjernen fokuserer på det som ikkje er fullendt, det som må løysast - altså det som ikkje er så bra, er det ikkje det lettaste valget; men noko vi må jobbe med. Også går det lettare.
Vi har gjort dette i fleire år. Eg har fortalt om det til så mange, og det er fleire som har begynt med det samme heime. Både familie og venner har fortalt oss at "vi også har begynt med ein hyggelig ting frå dagen!" Og det er jo berre så fint! Vi vil høyre korleis ungane våre har det, og det er ikkje lett for de å fortelje om spørsmålet er "korleis har du hatt det på skulen i dag?" Vi ser at ein litt meir konkret knagg å henge samtalen på gjør at det er lettare for ungane å snakke om dagen sin.
Det er umogleg å seie om dette fellesprosjektet er grunnen til at den negative stjernen til storebror ikkje lenger er der. Men han har i alle fall endra fokuset og snakker mykje meir om alt som er gøy og kult og LOL.

Av og til skjer det mindre hyggelige ting. I haust har det komt fram som ein "litt uhyggelig ting frå dagen", men vi passer alltid på å ta med hyggelige historier også. Dagen inneheld ofte begge deler. Frå den siste tida har ein uhyggelig ting frå dagen vore parkeringsbot, fall frå tre og kloreksplosjon i badebassenget. Det må det også vere rom for å snakke om. Men at nokon juksa i spel, også måtte ein hente læraren for å rydde opp i det, DET trenger vi ikkje å fokusere så mykje på.
I går var lillesøster sin hyggelige ting at ho hadde hatt gym i sfo. Storebror sin hyggelige ting var at de hadde fått lov å gjøre det de ville i datatimen (han hadde laga powerpointpresentasjon om Minecraft). Min hyggelige ting var at eg hadde blitt intervjua i ei avis. Og mannen sin hyggelige ting var at han hadde ring meg på jobb også hadde eg vore i så godt humør. Da kom det frå storebror "Pøh. Det kan jo ikke være en hyggelig ting. Mamma er jo alltid i godt humør."

Hahaha - kanskje fokuset vårt har fått han til å tru at eg alltid er i godt humør? Det er ikkje sant, men veldig hyggelig å høyre :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...