mandag 4. desember 2017

Småvannet rundt

Denne finværssøndagen i november var det vanskelig å få med seg storebror ut. Han har mange ting han HELLER vil gjøre enn å henge med oss ute i kulden, men vi veit jo at det sure humøret går over. Derfor gidder vi å dra han med oss. Denne gongen gjekk surmulinga over da vi parkerte ved Alvøen idrettspark.
Vi skulle gå rundt Småvannet. Først gjekk vi på grusveg til Gullaksdalen. Denne vegen kjenner vi godt. Men no begynte det spanande! Eg har gått her ein gong tidlegare, men da gjekk eg aleine.
Det vekslar mellom sti og eigentlig ingen sti nokon km. Dette er så kjekt å gå! Som vanleg, nesten, gjekk eg og lillesøster fremst og mannen og storebror litt bak oss.
Elva var litt stri, men det gjekk fint å bli jumpa over av pappa!
Denne mosen! Vi var aleine denne delen av turen, så vi kunne springe mellom trærene på den mjuke mosen! Så deilig! Vi leita etter kvart etter ein stad med sol der vi kunne spise lunch. Sola var så lav at det var litt vanskelig. Vi måtte gå vekk frå vatnet og litt opp i terrenget. Men der fant vi oss ein liten plass der vi kunne drikke kakao og spise brødskiver.
Han her var på dette tidspunktet glad som ei lerke. Vi luncha rett ved eit kjekt klatretre, så her vart vi ei stund.
Skål i turmiks: kakao og kaffi i den lille koppen!
Etter stien kom vi til skogsveg. Her har vi gått forbi Alvøen og er like ved parkeringa. Her stoppa vi litt for å spise opp de siste kjeksene og nyte lyset.

Dette biletet har eg som bakgrunn på PC'en på jobb. Jammen er vi heldige som får bu i nærleiken av så flotte turområder!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...