lørdag 27. januar 2018

Søppeltur

Det er så mykje boss overalt! Etter at eg skifta jobb i august begynte eg å samarbeide ein del med ansatte som jobbar innan klima. Og det påvirker altså! I haust og vinter har eg plukka boss når eg har gått tur. Ikkje planlagt, men eg har røska med meg til hendene er fulle - også kastar eg det i nærmaste busstoppboss.
Eit steinkast unna huset vårt er det ein topp - ein ås - som ungane liker å gå på. Den er ikkje så høg, så eg seier ofte nei, også går vi på eit skikkelig fjell. Men de dagane det ikkje er "skikkelig fjell"-vær er denne toppen fin. På ein særdeles blåsete søndag gjekk storebror og eg runden opp på åsen og ned igjen.
Utsikt ned til huset vårt.
Vi tok med oss plastposer heimfrå og plukka boss. To stapp fulle og tunge poser fikk vi! Og i tillegg ein pose med boss som låg slengt oppi fjellsida og ein PC-skjerm som vi tok med heim for å kaste i spesialavfall.
Det er satt opp bosspann over alt. så eg skjønner ikkje kva som er så kult eller enkelt ved å berre kaste ting frå seg! Særleg hundeeiere (der trur eg nokon få ødelegger ryktet for mange som er flinke å ta med seg bæsjeposane) og snusere. Fy skam seg! Eg er sikker på at om alle hadde tatt ein søndagstur og fylt opp ein vanleg pose med boss hadde det meste av slikt småsøppel langs vegen vore vekke på ein time.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...