torsdag 1. februar 2018

Hei februar!

Februar er så langt heilt super! Ikkje berre nådde eg den tidlege bussen i dag, henta yndlingsskoene mine hos skomaker som hadde satt på ny hæl, fikk avlyst ettermiddagsmøtet slik at eg fikk ekstra tid til anna jobb - det er SOL og fuglesang ute også! Det er februar og den fæle ideen om at vi ikkje skulle spise snop i januar er gjennoført med glans! I dag blir det ein liten sjokoladebit etter middag. Ellers går eg fort på ein smell i morgon kveld!
Det har ligge eit lite kaffefilter i skapet som har blitt fullare og fullare av snop som ungane ikkje liker. Denne tar eg med meg på hyttetur i helga! Vi skal til fjells, og det til og med litt tidleg sidan det er planleggingsdag i morgon. Eg er så IMPONERT over at snopeposen har ligge urørt like ved komfyren i ein månad! Det har ikkje vore lett altså!

Men -

sjokolade, sol, langhelg, fjell og slank to-do-liste på jobb neste veke? Er det rart eg digger februar!?!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...