tirsdag 6. februar 2018

Snøjogging

Sidan vi faktisk har hatt fleire periodar med vintervær med snø over mange dagar har eg øvd meg masse på å jogge i snø. Etterkvart vart eg også vandt med å jogge forbi skigåarar - eg veit ikkje kven av oss som er best skodd for føre. (ok, det er sjølvsagt de)
Medan lillesøster er på turn har eg ein time mellom 17 og 18 der eg alltid jogger. Etter at mørket kom ein gong i haust har eg holdt meg på opplyste vegar, men de er eg så lei av no at denne veka tok eg med meg hodelykt og jogga inn på mørke vegar. Med piggsko på var eg også på utkikk etter snø, de er ikkje så behagelige på asfalt.
Refleksvest! Kjempeviktig!
Dagen etter denne joggeturen kom storm og regn og snøen forsvant (den vart ganske lenge is og slaps først sjølvsagt). Men alt her var snøen ganske mjuk og tung i jogge i. Det er jo ein kombinasjon mellom tungt underlag som du synker litt ned i og glatte parier der foten sklir litt tilbake for kvart steg fram - når eg etterkvart får jogge på bar bakke igjen tenkjer eg at det blir superlett!
Gjennom mobilkamera ser eg at det er litt solnedgang enda kl.17:15. Det er ikkje snakk om mange vekene før vi har lys heilt til kvelden!
Hodelyktlys
Ein kan bli glad i vinterjogging også, kven hadde trudd det? Eg kjem til å sakne den kalde lufta og de tomme gatene når våren kjem. Men så setter eg pris på mindre bekledning og lettare underlag. Alt har sin sjarm.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...