mandag 5. mars 2018

Vår?

Etter at sibirkulda gav seg har det nesten kjennes varmt ut når vi går ut døra heime! Temperaturen har steget frå minus tretten på måndag til minus fem på fredag til ein heil varmegrad på søndag. Etter ei roleg veke med inneaktiviteter her og der var det godt med ei helg utandørs!
Joggetur på holkeføre på fredag. Solnedgang og velstand! Men også glatt og ekkelt.
Tur opp på Lyderhorn med lillesøster etter lunch på laurdag. Litt is med snø oppå nokon stader, men det gjekk heldigvis fint.
Mot toppen kom sola litt igjennom tåka - så lyst!
Vi aka ned igjen på medbrakt rumpeakebrett. Det gjekk utruleg fort og var supergøy! Lillesøster ville gå rett opp igjen og ake ned ein gong til da vi var ferdige!
Skitur på Totland på søndag. Sola steika og det var berre heilt nydleg å spise lunch og nyte varmen! Med vinterturar blir pausene litt korte, men i går kunne vi sitte ei stund å prate medan ungane susa rundt oss på ski. For ein fin dag!
Det var litt vårfølelse i oss alle på veg heim! Den kjem - sjølv om den innimellom kan virke uendelig langt vekke (brrr)!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Så kjekt at du leggjer igjen ein kommentar!

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...